”Snødreva”: Snøvær og vind.
”Oppetande auståvind så ligge å file rondt nåvedne.”
”Skreka” på hålkå: Skli på glatt føre.
”Det e kje utevaranes for ein hond”: då e det dårlig ver.
”Blindhålka”: Snødekka is.(ikkje godt å sjå kor det er glatt)
”Slovinter”: Milde fuktige vinter.
”De e menøuå rå te feta seg”: Glatt, vanskelig å gå.
”Det kryr opp me klakje”: Mildver som slår over til frost.
”Dørgane jønåvåte”: Våte til skinnet.
”Vadlasletta”: Sludd, snøslaps.
”Halltekkja”: Halvtak, Svalgang.
”Handspik”: Liten stokk som blir brukt som spett ved skoging.
”De skrøyve opp i la”: Krokete vedskier som gjere at det blir mykje luft i vedla.
”Idla brende”: Hadde gjort ein tabbe, gjere det ikkje fleire gonger jfr.Brent barn skyr ilden.
”Slibeita”: Drittsekk.
”Hiven”: Karslige, stolt.
”Lenten”: Fjåke, lett til sinns,
”I eksisen”: i militære.
”Kommars”:, ”ein fela kommars”: Oppstyr.
”Vandøvle”: Vanskapning eller lignende.
”Førkja” ”ei rektige førkja”: lett på tråden.
”Floksa”: omtrent som førkja.
”Koksa”: ei ”koksa me krem”
”Namjeten”: an va namjeten for eit elle anna =an va kjende for eit eller anna.
”Ødslesugga”: ei så sløse på ulike vis.
”Ulielige”: ufordragelige.
”pikketer”: lite grann.
”Alur” og ”brela”: sjau og spetakkel.
”Krosskonta”: sjøstjerna, konta kunne og bli brukt om noko anna..........
”Rongkjølsa”: Rognkjeks, blei og brukt som skjellsord.
”Långleggja”: gå fort med longe steg evnt. springa det ein klara
”Veitekjeft”: Der dreneringa kjem ut i dagen frå ei ekra.
”Å etla seg noko”: Å tenkja på å gjera noko.
”tverreving”: Båt som er tverr bak.
”Smael, smaladråga”: Smael: Sauer, Smaladråga: Sauaflokk!
”Slåsa”: fortelja ei slåsa, ein kort humoristisk historie.
”Spønsler”: Såg spønsler etter noko, for eksempel nokon som har rota i ”toledne” til nokon.
”Toledne”: Sakene, verktøyet eller lignende.
”Vøller”, ”Veller”: Verktøy eller lignende.
”Eg ska våga eien og livet på det” Eg ska vedda det eg eige og livet på det,
(eller er det æra og livet, er ikkje sikker)
”Vister” Liknande spønsler, men kan og brukast om noko som er fjerna, såg ikkje ”vister” etter det huset som sto der.
”Skyggja”: Ein halvslarven bygning, snaut nok ei ”halltekkja”.
”Kontralegt”: Vanskeleg.
”Vilja ver”: Var ikkje vanskelig å be. F.eks. Eg spurde om han kunne hente traktoren, og det var” vilja ver”.
”Ashål”: Det var eit forferdelig rot, det var eit skikkeligt ”ashål” , Dette ordet var vel ikkje særlig mykje brukt, det må vel vere ei fornorsking av engelske ”asshole”,.
”Eg lesste`kje vedgå”: Eg gjorde som eg ikkje høyrte de, brydde meg ikkje.
”Godtkjøpsutsalg”: Salg, utsalg.
"Klakaklons": Isklump.
"Klakajoklar": Istappar.
"Reta": Skriva." Eg reta nedpå nåke" Kan kanskje koma av engelsk "write"?
"Jeranslause" Har ikkje noko å gjera.
"Vørkå", "Vørkedag": Arbeidsdag. "Går du her å slenge mitt i vørkå?" Kan koma av engelke "work"?
"Eg heiv meg på ei nye brok": Eg kjøpte ei ny buksa. "An hadde heve seg seg duale nå"
"Høvring": Krabbe som er stor nok til å koke og ete.
"An lete vel": Då er det gode greier. t.eks. han let vel øve turen, det var ein fine tur.
"An lete idla": Motsatt av å leta vel.