Ein kortversjon av historien til Skipevåg-garden frå 1691 til no.

Skipevåg-garden er svært gamal. Det vitnar funn heilt frå vikingtida om.

Garden låg truleg øyde etter Svartedauden og fram til det midten på 1500-talet. Det eldste dokumentet ein har funne er frå 1548. Der står det at garden betalte eit kalveskinn i skatt.
Ein teori går ut på at gardstunet låg på Nausthaugen på denne tida. Det er nemlig svært uvanleg i Ryfylke at eit gardsnamn med ”våg” til slutt ligg så langt frå sjøen som der gardstunet ligg i dag.
Det var leiglendingar under danskane som budde på garden i gamal tid.
I 1661 eigde ei enkje etter salig Markus Christensen garden med 4 pund smør i avgift etter skatt. Det vil sei heile garden.
Etter ei skiftesak i 1691 i Skipevåg var det Rådmann Morten Seehusen i Stavanger som var blitt eigar av garden. Seinare overtok sonen Severin Seehusen han. Då var det framleis leiglendingar som budde på garden. I Skipevåg budde ein mann som heitte Heillie, og på nabogarden Hustoft budde Ola Torkelsen.
Desse to vart enige om å byta gardar. Frå skifteretten 5. Mai 1691 heiter det:
”Och dend ene i så måde at beholde dend anders gaard och jord med hus og værelse, aager och eng med dets afgrøde i alle maader saasom paa ethvert sted forefindes och med begge kvinders samtykke”
Ola Torkelsen var gift med ei som heitte Lisbeth Annfinndotter Hustoft, ho var fødd på Hustoft. Det kan sjå ut som at Ola Torkelsen var fødd på Rørtveit i Ølmedal.
Lisbet og Ola er stamforeldra til Skipevåg-slekta idag. I manntalet frå 1701 er Ola Torkelsen førd opp som husbond i Skipevåg, 61 år gamal. Fødd i 1640.
I manntalet står det at han hadde to søner: Nils 22 år og Torkel 11 år. Ein veit ikkje om dei hadde døtrer, fordi kvinner vart ikkje tekne med i manntalet på den tida.
Torkel gifte seg med Brynhilde Torbjørnsdotter frå Kvaløy. Ola hadde berre vore leiglending, men Torkel kjøpte garden av Severin Seehusen (som no hadde blitt adla og teke navnet Svannenhjelm) for 96 riksdalar. Torkel fekk skøyte på garden i 1721.
Ved juletider 1739 døydde Torkel , han let etter seg kona Brynhilde og borna Ola,Torbjørn, Lisbet, Britta, Marta og Bryndla.
I skiftet etter han står det at han eigde jordgods i Skipevåg ”med 4 pund smør og udi Suieka i Solledahl (Sukka i Suldal) med 16 mrk. smør og i Hustvedt i Imsland med 13 mrk. smør”
Enkja etter Torkel, Brynhilde gifte seg med Johannes Bjørnsen Egeland i Vikedal i oktober 1740. Dei dreiv garden i Skipevåg i 16 år. Ola Torkelsen overtok garden og fekk skøyte på den i 1757. Johannes og Brynhilde flytte då til Egeland (Eikeland)
Ola vart gift med Inger Torjusdotter frå Ropeid. I mars 1768 gjekk sonen deira, Torjus gjennom isen utenfor osen i Vikjå. Faren prøvde å redda han men dei drukna begge. Faren var då 49 år og sonen 17 år. Inger sat igjen med 3 døtrer. I kyrkjebøkene står det at den eldste av dei, Bryndla vart gift med Lars Tierandsen af Jelsøe.
Lars sette opp sag på garden, og handla med material, dette var ei av eksportsagene i Ryfylke på denne tida, og Skipevåg hadde rett som det var besøk av seglskuter frå Skottland. Ei av dei lunaste vikene i Skipevåg heitter Harborvikjå, kanskje det kjem sikkert av engelske ”harbour” Havn.
I 1770 fekk Lars skøyte på garden for 144 riksdaler. Bryndla og Lars hadde 6 born. Ola den eldste sonen gifte seg med Anna Pedersdotter Lie frå Refsbygdå i Jelsa.
Ola Larsen får skøyte på garden i 1804 for 280 riksdaler, då er ikkje saga med. Den kjøpte han då faren døydde for 200 riksdaler. Ola og Anna hadde 9 born.
Lars, den eldste sonen, vart gift med Marta Torjusdotter frå Ropeid. Han var fødd i 1807 og fekk skøyte på garden i 1836. Lars var haugianar og reiste rundt i Ryfylke og Sunnhordland som lekpreikar. I 1873 gjekk Lars til Drammen for å delta på generalforsamlinga til det norske misjonsselskap. Les meir om han HER. Lars døydde i 1877, han og Marta hadde 6 born.
I 1843 skjedde den første frådelinga av garden, då fekk bror til Lars, Peder Olsen Skipevåg kjøpe ein del av garden, ”Vikane”. Les meir om Vikane HER
Ola, den eldste sonen til Lars Olsen, gifte seg med Magla Bjørnsdotter frå Nybru. Dei dreiv garden i Skipevåg og hadde 10 born. Christian Berdines Finnvik som var gift med Serine dotter til Ola og Magla,  bygsla eit stykkje av garden, ”Jupevik”. Han dreiv isindustri i mange år, sonen deira, Tor Finnvik kjøpte dette stykkjet i 1956, han dreiv etter at ”istida” tok slutt sagbruk og trelasthandel.
Lars Olsen , den eldste sonen til Magla og Ola, var først gift med Marta Andreasdotter frå Ropeid, dei fekk ein son Ola og ei dotter Magnhild. Både Marta og dei to borna døydde av ”tæring” (Tuberkulose). Lars vart gift på nytt med Martine Tolleivsdotter Hustoft. Han overtok garden og fekk skøyte på han.
I 1911 selde Lars ein del av garden til bror sin, Bjørn. Denne delen blei seinare delt mellom dei 3 sønene hans,. Barnebarnet til Bjørn, Egil driv eit av desse bruka i dag. Egil forpaktar og jorda på hovudbruket.
Lars og Martine hadde 7 born, alle gutar. Ola, den eldste vart gift med Aslaug Rønnevik, han fekk skøyte på garden i 1919. Ola og Aslaug fekk 3 born, Inger Martine, Marta, og Lars Bernhard. Det er Lars Bernhard som sit med skøyte på garden i dag.