Kva er Vindafjord? Og litt om gamle kart.

Når det blese og er ruskje å leggja utpå, er det mange som seier: ”De hete kje Vindafjorden for injenting..” .
Men har dette namnet noko med vind å gjere i det heile?
Kor er Vindafjorden? Jo, han startar ute i Nedstrandsfjorden mellom Hebnes og Nedstrand, går innover mot Kråkenes og vender der retning omtrent nitti grader mot aust, og endar ved Ropeid i Suldal kommune.
Vender retning,- det er det namnet eigentleg kjem av. I gamle skrifter blir fjorden kalla ”Vendefjorden”, fjorden som vender retning mot aust.
Me i Imsland bur langs ein fjord som har gitt namnet til ein kommune som i dag strekkjer seg inn i tidlegare Sunnhordland.

Ved Krossfjorden møtest Vindafjorden, Sandeidsfjorden og Yrkjesfjorden, som og har ein arm inn til Åmsosen, nemleg Vatsfjorden.
Dette ”krysset” var sikkert eitt av dei største trafikknutepunkta for Ryfylke si samferdsle nordover mot Sunnhordland og Bergen då fjordane og sjøen var ferdselsårene. Dette syner alle Dragseida i Vindafjord og. Dei drog båtane over frå Sandeid til Ølen (eller Ålund som det heite så seint som i 1880) og frå Åmsosen, over Vatsvatnet til Ølensvåg.

No er me som bur rundt i desse bygdene blitt ”Haugalendingar”, det er det gjort politiske vedtak på. Før postnummerordninga kom var til og med offisiell adresse til ei bygd langt ut i Tysvær, ”Hervik i Ryfylke”.

Det at Ryfylke har endra seg er berre småtteri i forhold til kva ein finn i gamle kart.
For nokre år sidan reiste ein kar frå Stavanger til London for å leita i gamle arkiv. Han fann eit kart som var teikna og fargelagt av den nederlandske kartografen Johannes Janssonius frå 1636 til 1642. Dette kartet kan ein sjå ei lita utgåve av HER.
Det er ganske artig å lese stadnamna.
Nokre eksempel:
Karmøy: Carmen
Boknafjorden: Buckenfiord.
Suldal: Solledahl
Haukelifjell: Hucklefield

Her vil ein sjå at denne delen av Noreg var inndelt i tre Stift.
Bergen Stift, Opslo Stift og Stavanger Stift. Det som er noko spesielt er at eit stort landområde på austlandet nord for Telemark eller Tellemarck og Mjøsa, på denne tida høyrte til Stavanger Stift.